Jarnbane til Nordvestlandet

Jarnbane til NordvestlandetAllereie i 1869 vart det skipa ei nemnd som skulle arbeide for å få jarnbanen til kystbyane på Nordvestlandet. Det skulle likevel gå 39 år før Stortinget i 1908 vedtok bygginga. I løpet av desse åra hadde det då vore stor strid mellom dei ulike herada i Romsdals amt om ein skulle byggje jarnbane gjennom Rauma eller Sunndal.

Forsøk på fortgang i saken

I Ålesund var det Rasmus Aarflot og fogden Daae som var først ute med ideen om jarnbane som kunne knytte byen til Østlandet. Problemet var berre at det var mange andre som var interesserte i å få jarnbana til sitt distrikt og Stortinget brukte lang tid på å tildele konsesjon. For å få fortgang i ideen om Raumabana, vart det skipa eit selskap, og i 1874 blei det seld aksjar for 620 000 Spesidalar som skulle stable jarnbana på beina. Men tiltaket var nyttelaust. Det private selskapet fekk ikkje konsesjon. Andre distrikt gjekk foran og ”den Romsdalske jernbane” måtte vente. Forbindelse lenger sør var uansett naudsynt, og fyrst i 1896 nådde jarnbana Otta. Året etter vedtok Stortinget at det skulle byggjast bane vidare til Dombås.

Romsdal eller Sunndal – heradsstyra uttalar seg

Det var mange motstridande interesser i jarnbanesaka, og for å avgjere saka, vart dei ulike heradstyra i Romsdals amt bedne om å uttale seg. I Haram heradstyret si møtebok, datert 29.desember 1902, kan ein lese følgjande:

"Refererendes og behandledes cirkulære fra Romsdals amt af 15de nov. d.a., hvori ønskes herredsstyrets udtalelse for en jernbanelinje til amtet enten gjennem 1. Romsdalen eller 2. Sundalen.

I anledning heraf maa herredsstyret enstemmig udtale, at det anser en jernbane til amtet gjennem Romsdalen at være den naturligste og billigste forbindelse med landets øvrige jernbanenet, og at denne linje af de nævnte 2 alternativer baade i forhold til anlægssummen og ellers vil bringe de største fordele for amtsdistriktet.

Herredstyret kan derfor ikke andet end paa det varmeste anbefale valget af linjen gjennem Romsdalen, samtidig som man maa fraraade valget af den dyrere Sundaldslinje, hvis større distriktsbidrag unødig vil øge skattebyrden i amtets herreder."

Det endelege valet

Haram heradstyre sitt synspunkt var heilt i tråd med dei andre heradsstyra på Sunnmøre, som alle ville ha Raumabana med Åndalsnes eller Veblungnes som endestasjon. Tidleg i prosessen hadde Surnadal og vore oppe som eit banealternativ. Surnadalen, Rindalen og Aure som var tilhengarar av ei slik løysing, slo seg etter kvart saman med Sunnmøringane. Sunndalsbana var det då berre Molde, Kristiansund og dei fire herada i Romsdal som ville ha. Det hjelpte heller ikkje at Bjørnstjerne Bjørnson og Alexander Kielland sto i fronten for Sunndalsbana. 9.juli 1908 vart det bestemt i Stortinget at Raumabana skulle byggjast.  

Jarnbane til kystbyane?

Sjølv om valet falt på Raumabana, var det tenkt at linja skulle gå vidare frå Åndalsnes til dei tre kystbyane i fylket. Frå Åndalsnes skulle linja gå i tunnel frå Grøvudal til Eresfjord og Molde, medan jarnbana kunne nå Kristiansund gjennom ein tunnel frå Eresfjord til Øksendal. Som vi veit, blei det aldri noko av videreføringa av jarnbana fra Åndaldsnes. Strekninga Åndalsnes-Ålesund er strekninga som har vore mest aktuell å vidareføre og har ved fleire høve vore oppe til utredning, i det siste som ei mogleg strekning for høgfartstog.

CreatorHanne Årskog. (Search Europeana for this person)
CountryNorway
LanguageNO
CollectionIKA Møre og Romsdal
Rightshttp://rightsstatements.org/vocab/InC/1.0/
Location
Repository Pagehttps://www.europeana.eu/item/2022611/H_DF_DF_955...
Web Pagehttp://digitaltmuseum.no/011085439741...
Subject Termsarkiv, jernbaner, veitransport, arkivformidling
ProviderArts Council Norway