Flysvingen

FlysvingenPå Øvre Lavikdal på veg mot Sørestrand er det ein sving dei kallar for Flysvingen. Her styrta det eit fly under andre verdskrig. Korleis gjekk dette til?

Den 7. april 1945 var det britiske flyvåpenet saman med sine allierte frå Dallachy Strike Wing  på tokt i Sogn med Bristol Beaufighter jagar-bombefly på jakt etter tyske mål. Ved kai i Vadheim låg det tyske handelskipet «Oldenburg» på 4.595 tonn og det noko mindre «Wolfgang L.M Russ». Flya senkar «Oldenburg» og skadar det andre skipet. Det har vore eit vellukka reid. Denne dagen var dei eskorte av seksten Silver Mustang jagarfly.

På veg ut fjorden etter angrepet oppdagar jagarflya ein ti-tolv tyske jagarfly på veg mot bombeflya. Fire av dei britiske jagarane går til angrep på dei tyske. Pearson er pilot på eit av dei britiske, han går opp under ein tysk Focke Wulf 190 og sender av ei salve som treffer godt. Det tyske jagarflyet legg seg over på ryggen og stupar mot bakken, men den tyske piloten klarer å rette opp maskina.  Flyet er hardt skada, og det byrjar å sirkle i lav høgde over Øvre Lavikdal og  Sørestrandsvatnet. Pearson heng seg på og sender av nokre salver for å vere sikker. Det tyske flyet stryk nokre tretoppar, og styrtar i bakken. Den eine venga står til endes nedi ei lita tjørn, medan resten av flykroppen vart liggande på andre sida av tjørna. Den tyske piloten Ernst Tergl er død.

Like etter dette oppdagar Pearson ein ny Focke-Wulf 190 som angrip han rett framafrå. Den tyske jagaren har for høg fart, og bommar. Det gjer ikkje Pearson som manøvrera seg under motstandaren og sender av ein fulltreffar som sender det tyske flyet i bakken ved Mørketjørn på Løland i Hyllestad. Her døyr den tyske piloten Walter Opitz. Dette og meir til har Halvor Sperbund funne ut av og skrive om i boka Brennpunkt «Westküste» som kom ut i 2004.

Etter flystyrten på Sørestrand henta tyskarane ut liket og tok våpen, ammunisjon og anna viktig utstyr frå flyet. Sjølve flykroppen låg igjen. Der flyet styrta var det på den tid vegbygging på gang, og like ved er det ein lang sving, som naturleg nok fekk namnet Flysvingen. 

På flyet var det mykje som kunne nyttast, og litt etter kvart forsvann det delar frå flyet. Til slutt var det berre motoren som låg igjen i vegkanten. Denne og nokre andre flydelar som var teke vare på i bygda, vart samla inn og nytta til restaurering av andre fly. I dag er det berre namnet Flysvingen som vitnar om det dramatiske som hende her 7. april 1945.



CreatorGaute Ljotebø (Search Europeana for this person)
CountryNorway
LanguageNO
CollectionHøyanger Industristadmuseum
Rightshttp://creativecommons.org/licenses/by-nc-nd/3.0/
Location
Repository Pagehttps://www.europeana.eu/item/2022611/H_DF_DF_7697...
Web Pagehttp://digitaltmuseum.no/021085925070...
Subject Termsfly, lavikdal, krigshistorie, høyanger
ProviderArts Council Norway