Fykerudspelet

FykerudspeletLars Fykerud (1860-1902) var født i Sauherad og rekna for den beste spelemannen i Telemark i åra fram mot 1900. Han skapa ein ny spelestil og kan samanliknast med Myllarguten.

Far til Lars - Hans Fykerud (d.e f. 1823) var født i Bø og hadde spelbakgrunnen sin derifrå. Han budde ei tid på Fykerudplassen ovanfor Hørteverket før han fekk ein plass ved Holtsås i Sauherad. Hans hadde eit særmerkt spel, som sønene - Lars og Vesle-Hans Fykerud - førte vidare. Dette blei ei fornying av felespelet i Telemark og gav opphav til ein ny spelestil - Fykerud-spelet. 

Lars Fykerud (1860-1902) og Vesle-Hans Fykerud (1862-1942) bygde dette ut til konsertspel under nasjonalromantikken på slutten av 1800-talet. Lars Fykerud forma også ut slåttar frå songtonar, og dette dåmrike spelet førte til fornying og ny vekst i felespelet i Telemark. 

CreatorAsbjørn Storesund (Search Europeana for this person)
CountryNorway
LanguageNO
CollectionFolk og Feler - Bø Museum
Rightshttp://creativecommons.org/licenses/by-sa/3.0/
Location
Repository Pagehttps://www.europeana.eu/item/2022611/H_DF_DF_4754...
Web Pagehttp://digitaltmuseum.no/011085442212...
Subject Termsfolkemusikk, hardingfeler, kultur--og-naturreise, bø/sauherad-piloten
ProviderArts Council Norway