Ei kvinne blant mange menn

Ei kvinne blant mange mennKristiane Lund (1889-1976) var født på Lund (Bøhegna) i Bø der faren dreiv krambu. Kristiane Lund var den første kvinna som stod fram blant toppskiktet av hardingfelespelarar i Noreg.

Den eldre broren Einar Lund (1882-1954) var òg toppspelemann, og alt i førstninga på 1900-talet konkurrerte Kristiane blant dei fremste på kappleikane. Det finst ei rekkje slåtteopptak etter ho, og spelet hennar var reint, kraftig og rytmisk drivande, - typisk bøheringsspel.

"Kristiane spelar som ein kar", sa Johannes Dahle. Som person var ho pågåande med markante meiningar, og det trengtes nok i det mannsdominerte hardingfelemiljøet den gongen.

 I ei tid der hardingfela var på veg til å bli eit konsertinstrument, såg ho klårt at spelet og bygdedansen måtte høyre saman, og ho tok initiativet til oppstartinga av dansarringane i Bø og i Nes. Der var ho sjølv dansespelar i mange år heilt opp i høg alder.


Bruk av folkedrakta var òg ei av hjartesakene hennar.

Kristiane Lund fekk fleire høge utmerkingar for arbeidet sitt for norsk folkemusikk.

CreatorAsbjørn Storesund (Search Europeana for this person)
CountryNorway
LanguageNO
CollectionFolk og Feler - Bø Museum
Rightshttp://creativecommons.org/licenses/by-sa/3.0/
Location
Repository Pagehttps://www.europeana.eu/item/2022611/H_DF_DF_4750...
Web Pagehttp://digitaltmuseum.no/011085442214...
Subject Termsfolkemusikk, hardingfeler, folkedans, spelemannslag, foregangskvinne, bø/sauherad-piloten, kultur--og-naturreise, kjønnsroller
ProviderArts Council Norway