Skattelistene frå Bremsnes kommune i 1907

Skattelistene frå Bremsnes kommune i 190719.oktober i år blei skattelistene frå 2009 lagt ut på internett, slik at den som vil kan søke informasjon om kor mykje naboar, arbeidskollegaer, vener, familie og kjendisar tener.Tilgjengelege opplysningar er namn, fødselsår, postnummer, nettoformue, nettoinntekt og utlikna skatt til skattytaren. Dei siste åra har det vore ein stor debatt om ein skal offentleggjere skattelister, og om informasjon om inntekt, formue og skatt er personsensitivt materiale.

Heilt sidan 1863 har skattelistene med likninga vore offentlege, dels ved oppslag og dels ved at skattelistene vart trykt og distribuert. Full spreiing av skattelister er altså ikkje noko nytt som følgje av datasamfunnet.

Bildet i artikkelen er henta frå ”Protokol for Hovud-Ligningen” frå 1907 for tidlegare Bremsnes kommune. Her får vi kjennskap til skatteytarens namn, stilling, skatteklasse, bustad, formue og inntekt, utlikna skatt, samt kor mange personar skattytaren var forsytar for. Til dømes blir fyrvaktar på Kristensen rekna som ”Embeds og Bestillingsmand”. Vi ser at han var busett på Kvitnes fyr, var forsytar for ein person og tente 900 kroner. Han har ikkje formue og betalte 28 kroner og 50 øre i skatt i 1907.

IKA Møre og Romsdal oppbevarer likningsprotokollar og skattelister frå midten av 1800-tallet og fram til 1965 frå dei fleste kommunane i fylket.
 

CreatorVibeke Lunheim (Search Europeana for this person)
CountryNorway
LanguageNO
CollectionIKA Møre og Romsdal
Rightshttp://rightsstatements.org/vocab/InC/1.0/
Location