Undervisninga stinka

Undervisninga stinkaDagens samfunn stiller høge krav til undervisningslokale. I dag meinar ein at eit godt inneklima og god boltreplass er viktige føresetnadar for god helse og læringsmiljø.

 

Dei høge krava fører til at ein står framfor ei rekke utfordringar. For det fyrste blir det investert mykje pengar for å betre inneklimaet på skulane rundt omkring i landet. Det andre problemet er plassmangel, som ein i dag løyser ved å sette opp provisoriske brakker som skal gjere nytten som klasserom.

I 1975 mangla Stranda ungdomsskule undervisningslokale til valfaga ved skulen. Løysinga dei kom fram til i Stranda kommune er original:

”Det er frå skulestyraren ved Stranda ungdomsskule kome munntleg søknad om å få nytte gjødselkjellaren i Ringstadløa til undervisning i valfag (bil og båt). Skulesjefen ser positivt på saka. (…) Dette skulle ikkje vere noko til hinder meinar han, når dei berre har eit areal midt på golvet til undervisninga”.

Formannskapet behandla saka i juni 1975, og sjølv om dei er inne på at det er visse føreskrifter som må fylgjast når det gjaldt slike undervisningslokale, fatta dei vedtak om at dei hadde :”(…) ingen merknad til at ungdomsskulen mellombels får nytte lokalet til undervisning i valfag”.

Så får vi håpe at lukta ikkje var for sterk, og at ingen vart sjuke
 

CreatorVibeke Lunheim (Search Europeana for this person)
CountryNorway
LanguageNO
CollectionIKA Møre og Romsdal
Rightshttp://rightsstatements.org/vocab/InC/1.0/
Location
Repository Pagehttps://www.europeana.eu/item/2022611/H_DF_DF_2104...
Web Pagehttp://digitaltmuseum.no/011085441298...
ProviderArts Council Norway