Stemmerettsjubileum

StemmerettsjubileumI 2013 er det jubileum for kvinneleg stemmerett.Vi feirar at i 1913 fekk kvinnene stemmerett på lik line med menn.I prinsippet hadde då alle statsborgarar over 25 år rett til å stemme vedbåde kommune- og stortingsval.

I mange samanhengar blir det framstilt som om kvinnene ikkje hadde hatt stemmerett før 1913. Til og med professorar og likestillingsministeren har framstilt det slik i radio. Sanninga er at det hadde vore ei gradvis innføring av like rettar for kvinner og menn. Alle menn over 25 år hadde fått stemmerett i  1898. Dei første kvinnene fekk stemme ved kommunevalet 1901, og ved stortingsvalet i 1909. Dei måtte enten sjølv ha ei viss inntekt eller formue eller  vere gift med ein mann som hadde det.

Stortingsvalet 1912 var det siste der ikkje alle kvinner over 25 år fekk stemme.
Ved å samanlikne talet på kvinner med stemmerett i 1912 og ved det neste stortingsvalet i 1915 kan vi sjå kor stor del av kvinnene som faktisk hadde rett til å vere med på valet i 1912. Dette blir ikkje heilt rett, og prosentdelen kan nok avvike eit par-tre prosentpoeng frå det heilt korrekte. Men metoden gir eit godt nok bilete og gir grunnlag for å samanlikne  område.

I Møre og Romsdal var det 50 prosent. Annankvar kvinne fylte ikkje kriteriet for inntekt eller formue i 1912. Her i fylket auka talet på kvinner som kunne stemme frå 18 621 i 1912 til 37 183 i 1915. Andelen med stemmerett varierte mellom herada, områda og byane. Av dei tre byane hadde Ålesund høgast andel med 58 %, Kristiansund 52 % og Molde 49 %. Blant herada var det Sandøy som var på topp med 65 %, dvs om lag 2/3 av kvinnene fylte krava til inntekt eller formue. Roald (Vigra) med 64 %, Grip og Vatne begge med 63 % følgde på. På botten låg Øre og Ålvundeid begge med 25 % og Strømsnes med 30.

Fylket var den gong delt inn i sju valkrinsar som kvar valde ein representant til Stortinget. Andelen kvinner med stemmerett var:
Søre Sunnmøre 53
Nordre Sunnmøre 57
Romsdal 46
Søndre Nordmøre 45
Nordre Nordmøre 41
Ålesund og Molde 57
Kristiansund 52

Skilnadane fortel om ulik sosial struktur og økonomi. Kystområda hadde høgare andel enn fjordane og innlandet. Eit unntak er Hjørundfjord med ein andel på 62 %. Nordre Sunnmøre er på topp blant valdistrikta medan Nordre Nordmøre er på botnen. Dette kan ha noko med det generelle velstandsnivået i distrikta, men truleg også mykje med kor jamt økonomien var fordelt i befolkninga.

Stemmerettsjubileet er vel verd å markere – kvinner og menn vart formelt likestilt ved val i 1913. Den reelle likestillinga er noko heilt anna – kvinner har til denne dag hatt ein tendens til å delta ved val i mindre grad enn menn. I høve til å ha verv i kommunestyre, fylkesting og Storting er kvinnene framleis langt etter. I 1912 brukte 66 % av mennene og 41 % av kvinnene som hadde rett til det dnne retten sin. Av kvinnene var det Øre med 90 % og Vanylven, Ørsta, Vartdal, Bud og Gjemnes med vel 70 % som var på topp. Minst deltaking hadde Skodje, Vatne, Aukra, Stangvik og Surnadal. I Stangvik var valdeltakinga blant kvinner 2,6 % - det var fem av 196 kvinner som brukte retten sin.

CreatorGunnar Morsund (Search Europeana for this person)
CountryNorway
LanguageNO
CollectionIKA Møre og Romsdal
Rightshttp://rightsstatements.org/vocab/InC/1.0/
Location
Repository Pagehttps://www.europeana.eu/item/2022611/H_DF_DF_2016...
Web Pagehttp://digitaltmuseum.no/011085440077...
Subject Termspolitikarar, stemmerett, stemmerettsjubileum, stemmerettsjubileet, kvinners-stemmerett
ProviderArts Council Norway