Valdeltaking 1912

Valdeltaking 1912Låg deltaking i val er eit problem for folkestyret. Lita oppslutning om vala er ikkje noko nytt fenomen.

Ved stortingsvalet 1912 hadde så og seie alle mennene og 60 % av kvinnene over 25 år røysterett. 66 % av mennene og 41 % av kvinnene brukte retten sin i Møre og Romsdal.
 

Store variasjonar

Variasjonane var store. Medan 93 % av mennene i Haram røysta, var det berre 46 % som gjorde det i Tustna. Bolsøy, Skodje og Tustna hadde ei valdeltaking på under 50 % blant menn. Over 90 % av kvinnene i Øre (no Gjemnes kommune) deltok i valet. I Gjemnes, Ørsta, Vartdal, Bud og Vanylven var oppslutninga over 70 %. I den andre enden finn vi Skodje, Surnadal, Aukra og Stangvik som alle hadde mindre enn 5 % valdeltaking blant kvinner. I Stangvik var det 2,6 % eller berre fem - 5 - kvinner som stemte.

Stolpediagrammet vise kor store variasjonar det var i valdeltaking hos kvinner. Valdeltakinga hos menn var 66% i 1912.

CreatorGunnar Morsund (Search Europeana for this person)
CountryNorway
LanguageNO
CollectionIKA Møre og Romsdal
Rightshttp://rightsstatements.org/vocab/InC/1.0/
Location
Repository Pagehttps://www.europeana.eu/item/2022611/H_DF_DF_1580...
Web Pagehttp://digitaltmuseum.no/011085441416...
Subject Termspolitikarar, arkiv
ProviderArts Council Norway