Kring folkerøystingane i 1905

Kring folkerøystingane i 1905Noreg gjekk ut av unionen med Sverige i 1905. I samband med denne storpolitiske hendinga, vart det halde to folkerøystingar i Noreg. Folket vart i august kalla til valurnene for å seie "ja" eller "nei" til unionsbrotet, og ved ei folkerøysting i november skulle ein røyste over kva styringssett landet no skulle ha. Av ulike årsaker hadde ikkje alle røysteføre moglegheit til å møte på valdagane, og me finn difor at ein heil del nytta høvet til å røyste på førehand.

Prestegjelda var valsokn

Det var prestegjelda som utgjorde valsokna i 1905. Dei tre byane i fylket; Ålesund, Molde og Kristiansund, var i tillegg eigne valsokn. Valstyra førte møtereferat over båe dei to folkerøystingane i 1905, og dette er ei interessant historisk kjelde. I desse protokollane kan me lese om kven som sat i valstyra, kvar folkerøystingane vart haldne og gangen i sjølve røystinga. Me får sjølvsagt også opplyst valresultata frå dei aktuelle valsokna, om me tek føre oss desse kjeldene. Men me kan også få anna lokalhistorisk interessant informasjon ut av møtereferata, om me til dømes ser på kor mange som hadde nytta høvet til å førehandsrøyste, og kva dette skuldast i dei ulike prestegjelda i Møre og Romsdal, eller Romsdal Amt, som det då heitte.

I slåtteliene

Rindal på Nordmøre er ei innlandsbygd med tradisjon for seterliv og fjellslåttar. Og utmarksslåtten gjekk jo ofte føre seg i august, då ein også skulle halde folkerøysting i landet. I møtereferatet til valstyret i Rindal les me difor at mange måtte førehandsrøyste, og valstyrets leiar, lensmann Strømsæther, skriv følgjande om kva som var årsaka til dette:Denne fremgangsmaaden ansaaes nødvendig, fordi det led mod den tid, da en større del af distriktets befolkning reiser til fjeldslaaterne, hvorfra de ofte ikke vender hjem før i slutten af august.

På fiske

I Ulstein på Sunnmøre var det mange i manntalet som nytta høvet til å førehandsrøyste, mykje grunna at det var mange fiskarar i dette prestegjeldet. I møtereferatet til valstyret les me at heile 64 av mennene i valmanntalet var i utlandet ved valet i august, og på det viset heller ikkje rakk å førehandsrøyste. Ja, til med ein av valstyremedlemmane var på sildefiske på Island, kan me lese, og kunne difor ikkje møte. Ved valet i november kan me vidare lese at mange fiskarar no hadde fått høve til å røyste på førehand. Men nokre av dei rakk likevel attende til valdagen, og med det vart dei tidlegare innleverte førehandsrøystene forkasta:13 Forfaldsanmeldelser forkastedes af den Grund, at de angjældende Personer, der var på Fiske, er vendt tilbage og har afgivet Stemme personlig

Ugyldige stemmesetlar

Sjølv om lova gav høve til å røyste på førehand, vart ikkje alle forfallsgrunnar på sjølve valdagen godkjente. Mellom anne avviste valstyret i Halsa valsokn på Nordmøre førehandsrøysta frå ein av dei manntalsførte i bygda. Grunngjevinga var at mannen:opgiver som forfaldsgrund alderdomssvaghed. Forkastedes fordi flere medlemmer af valgstyret oplyste at vedkommende stemmeberettigede, der er i en alder af 71 aar, er sjelden rask og rørig for sin alder. Han er tidt og ofte med paa Vaagland og besørger som oftest selv hjembragt derfra sine indkjøb af mel og andre fødevarer. Afstanden fra vedkommendes hjem og til valglokalet er kun ca 1 km længre end fra hans hjem og til Vaagland.

Høg valdeltaking

Alt i alt var det ei særskild høg valdeltaking ved båe dei to folkerøystingane i 1905. Ved valet i august røysta heile 25879 av totalt 28308 røysteføre i Møre og Romsdal. Ved folkerøystinga i november var talet framleis høgt, om enn noko lågare - då 20980 av 28497 røysteføre var med og gav si stemme til kjenne i høve spørsmålet om kva styringssett landet no skulle ha.

CreatorMads Langnes (Search Europeana for this person)
CountryNorway
LanguageNO
CollectionIKA Møre og Romsdal
Rightshttp://rightsstatements.org/vocab/InC/1.0/
Location
Repository Pagehttps://www.europeana.eu/item/2022611/H_DF_DF_1181...
Web Pagehttp://digitaltmuseum.no/011085439822...
Subject Termsunionsoppløysinga-1905, demokrati
ProviderArts Council Norway