Gjerde kyrkje

Gjerde kyrkjeGjerde kyrkje er nemnd første gong i 1288. I rekneskapen kan vi sjå at dette var ei stavkyrkje, med svalgangar kring og eit tårn mot vest. Denne stavkyrkja vart øydelagd av ein stor storm i 1673.

Tilflytta tømmerkyrkje

Etter stavkyrkja vart det sett opp ei tømmerkyrkje, flytta frå Lille Sandvigen (ved Bergen?). Kyrkja vart bygd av bygningsmennene Ole Bysheim og Ole Nedre Eikanger frå Osterøy og Lindås, «paa det samme Stæd som den nedbleste Gierde Kirche tilforn stod».

Interiør

Det vart bygt til eit nytt tårn i 1930, med prestesakristi og dåpssakristi. Då vart også dei vakre veggmåleria i koret og skipet avdekte, og altertavla og preikestolen vart restaurerte. Altertavla er ei katekismustavle frå 1500-åra, måla i 1738 av Johan Wingaard. Preikestolen er frå 1600-talet, med bilete av dei fire evangelistane. Korveggene er dekorerte med Moses og Aron og andre bibelske personar plasserte i arkadebogar, medan arkadane i skipet er omspunne av rankar og blomemotiv.

Mellomalderklokker

To mellomalderklokker heng i tårnet. Den eine klokka har ei lang innskrift, dels på latin og dels på gammalnorsk. I B.E. Bendixens omsetting lyder denne innskrifta: «På metallernes vis, i det jeg priser herrens (de himmelske makters) Gud, løfter jeg min røst for at almuen skal gå til koret (til messen) og til alt godt. Jacob gjorde meg år 1315. Erling prest lot gjøre meg.»

Den andre klokka har innstøypt ei rekkje pilgrimsmerke, m.a. eit Birgittamerke frå Vadstena kloster, fire Olavsmerke frå Trondheim og eit merke som framstiller den heilage biskop Servatius av Maastricht, Holland.

CreatorKulturhistorisk vegbok Hordaland (Search Europeana for this person)
CountryNorway
CollectionKulturnett Hordaland
Rightshttp://rightsstatements.org/vocab/InC/1.0/
Location
Other objects in the vicinity
Repository Pagehttps://www.europeana.eu/portal/record/2022611/H_DF_DF_1663....
Web Pagehttps://api.europeana.eu/api/QVFNWZZSGS/redirect?shownAt=htt...
Subject Termskyrkjehistorie, kirker, bygninger, kirkeklokker
ProviderArts Council Norway