Vest

VestVest med forhaldsvis høg livlinje og ståkrage. Bakovertrekte skulder- og sidesaumar. Framstykke av raud, fin vadmål fora med lin-lerret. Innpassepoilert lomme på kvar side, lommepose av lin-lerret. Dobbeltkneppa med 9 par messingknappar, åtte av para sit frå nedkanten og oppover, det øverste og niande paret sit heilt øverst. Knapphol sydd med ubleika lintråd, det øverste knappholet på skrå. Knappane er festa med ein kraftig tvinna lintråd. Mellom knappane og lomma er det eit smalt, loddrett innsnitt. Foret er sydd til vesten med prikkesting, innanfor der, ei rad prikkesting til. Rett rygg i lin-lerret med dobbel fald i ermringing og nedkant falda til med tynn, kvit lintråd. Ståkrage i enkelt lag vadmål fora med lin-lerret der vadmålen er bretta rundt overkanten og nedi gjen på innsida og kasta inntil lin-lerreten. Nedbretten er klypt i ei bølgeform. To rader prikkesting, oppe og nede på kragen. Vesten høyrer til modellbunad.

CountryNorway
CollectionBunad og folkedrakt
Rightshttp://rightsstatements.org/vocab/InC/1.0/
LocationNorge
Repository Pagehttps://www.europeana.eu/portal/record/2022608/NBF_NBF2010_0...
Web Pagehttp://digitaltmuseum.no/things/thing/NBF/NBF2010-0368...
Subject TermsVest, Mann, Bunad, Overdel
ProviderArts Council Norway