Skjorte

SkjorteSkjorte i primærsnitt, sydd av kvit lin, 18 trådar pr. cm. Ho har splitt midt framme med holfald der to trådar er teke ut fyrst. I halsen er det eit lite parti på kvar sida av splitten som er striperynka, over nakken er eit breiare parti rynka. Ved skulder inn mot hals er det påsydd eit rektangulert stykke på innsida, 6,5 x 13,5cm. Dette er svakt bua i halsutringinga. Erme har kile og splitt i ermsaumen, dobbel fald. Erme er rynka ved handledd for å høve til ermlinninga. Alle saumar på skjorta ellers er indresaumar der fyrste saumen er sydd på maskin og det er lagt til for hand. Skjorta har dobbel fald med maskin nederst.

CountryNorway
CollectionBunad og folkedrakt
Rightshttp://rightsstatements.org/vocab/InC/1.0/
LocationNorge
Repository Pagehttps://www.europeana.eu/portal/record/2022608/NBF_NBF2010_0...
Web Pagehttp://digitaltmuseum.no/things/thing/NBF/NBF2010-0367...
Subject TermsSkjorte, Mann, Broderi, Overdel
ProviderArts Council Norway