Krosskyrkje og stavkyrkje

Krosskyrkje og stavkyrkjeDen kyrkja som står i dag på Brakanes, er ei krosskyrkje som er bygd i 1857-59 etter teikningar av arkitekt H. Linstow. Denne kyrkja avløyste ei krosskyrkje frå 1710, som igjen erstatta ei stavkyrkje frå mellomalderen, på den gamle prestegardens grunn.

Kyrkjekunst frå mellomalderen

To utskorne portalvangar og eit måla antemensale (alterforstykke) høyrer til det ypparste vi har av mellomalderleg kyrkjekunst i Noreg. Portalen og antemensalet er i dag i Bergens Museum; dei høyrer til dei mest kostesame eignalutene til muséet. Ein kopi av mellomalderantemensalet heng i dagens kyrkje. Denne er prydd innvendig i 1923 med måling av Lars B. Osa. Dei fysiske restane av mellomalderens kyrkjebygg, stavkyrkjeportalen, daterer stavkyrkja til 1100-talet; eit høgdepunkt i norsk og europeisk treskjerarkunst.
 

CreatorKulturhistorisk vegbok Hordaland (Search Europeana for this person)
CountryNorway
CollectionDigitalt fortalt / Norsk kulturråd
Rightshttp://rightsstatements.org/vocab/InC/1.0/
Location
Other objects in the vicinity
Repository Pagehttps://www.europeana.eu/portal/record/2022611/H_DF_DF_782.h...
Web Pagehttp://digitaltmuseum.no/011085441473...
Subject Termskyrkjehistorie, kyrkjeinventar
ProviderArts Council Norway