På jakt etter gamle hus

På jakt etter gamle husKva er dei eldste bustadhusa på Hareidlandet? Eit så konkret spørsmål burde ha eit klart svar. Men slik er det ikkje. Å jakte på gamle bustadhus er å vandre på gjengrodde stiar, snike seg inn i folk sine hagar og å gå inn og ut av århundra.

Ei ringerunde ga nokre kandidatar både i Ulstein og i Hareid. Med bil, fotoapparat, joggesko, mobiltelefon, bygdebøker og notatblokk følte eg meg rusta for oppgåva. Første stopp var prestestova i Hareid. Fleire kjelder utpeiker dette til det eldste huset i Hareid. Ingen seier nøyaktig når ho vart bygd, men særleg seinare enn 1600 er det nok ikkje. Stova vart bygd for å gi husrom til presten på dei lange reisene mellom Ulstein, Hareid, Vartdal og Sula. Hestane hans fekk stå i stallen på eine sida, og det vart nytta til fleire formål: husrom for heimlause, kvild for brudefolk, fødestove og rådhus. Men eit bustadhus i rein forstand kan ein ikkje kalle det.

Jakt på sunnmørshuset

Tipsa førte meg til Liavågen. Inne på tunet til Svein og Magni Liavåg ligg eit fint lite einetasjes sunnmørshus. Huset har liggande panel, som er karakteristisk for stovene på Sunnmøre. Målinga kan ha kome til i nyare tid. Det var mange som budde i slike stover frå midten av 1800 – talet, men nesten alle er no rivne eller så sterkt ombygde at ein ikkje kjenner dei att. Denne stova har stått relativt uforandra sidan 1850 – talet, men dokumentasjonen er sparsam. Vi veit at alle husa på garden brann i 1840, og då kan dette stemme bra.

Flytting og årringar

Men her vert det komplisert. Gunnar Hjørungnes tvilar på dateringa. Tømmeret i desse husa verkar vesentleg eldre. Sidan 1800 – talet veit vi at ein har bytta til seg materiale og flytta hus over store avstandar. Lafteteknikken var godt tilpassa dette, då den fungerer som byggesett. Det var lite furu å snakke om på øyane her, så mykje kom frå Vartdalsstranda eller endå lengre vekke. Handelen med Bergen førte med seg både tømmer og impulsar frå den store verda. Hjørungnes sendte tømmeret i sunnmørshuset sitt til analyse, og fekk til svar at det var felt rundt 1580. Tømmeret i stabburet var endå eldre – omtrent samtidig med Columbus.

Steinagarden

Huset og løda på Steinagarden på Øvrelid skiller seg ut der dei ligg høgt og fritt med markar på alle kantar. Det var varmare oppe i høgda enn nede ved vegen, og ein unngjekk myrane. Husa skal vere frå omlag 1870, og skal vere henta i Romsdalen. Det liggande umåla panelet må vere sett opp her. Det var slik dei fleste husa på denne tida såg ut. Måling var dyrt. Stova hadde omn og pipe, noko som vart vanleg i denne landsdelen utover 1800 – talet.

Romantikk i røykstova

Gamleåsen mellom Korshamna og Alme var neste sjekkpost. Garden kan ikkje nåast med bil. Slik har det alltid vore. Litt avsides var garden før bilen si tid også, men det var god tilkomst til sjøen.
Det er typisk at det er slike litt avsidesliggande gardar som overlever tida.
Huset i Gamleåsen hadde røykomn og ljore. Ljoren er ei hole i taket der røyken frå eldstaden siv ut. Røyken vart liggande oppunder taket. Han varma godt, og saman med dagslyset som seiv inn gjennom holet i taket vart det eit heilt spesielt lys. Kunstnarar som Adolf Tiedemand er ein av dei som har omskapt røykstova til eit romantisk og fantasirikt univers.
 

Tidsreisa

Stover som ligg slik, midt i landskapet der dei alltd har høyrt til, gjer sterkt inntrykk. Men det gjer det også når hundreåra møest.
Med hestekrefter under panseret tek eg strake vegen til Kleven i Ulstein, der eg har høyrt om ei røykstove av det heilt gamle slaget. Klokka er sju om kvelden, og eg møter ein horde blåkledde som kjem frå arbeid. Eg parkerer med utsikt mot kranene. Rett ved sidan av parkeringsplassen ligg den vesle stova. Det vesle romet måler ikkje meir enn ca 3 x 3 meter. Ho har torv på taket og dei kraftige tømmerstokkane er sølvskimrande. Inne i stova står "1616" innrissa i tømmeret. Vi veit ikkje heilt kva dette talet fortel.
Stilmessig kan ho ha vore bygd mykje tidlegare, då ein bygde slike røykstover heilt tilbake til tidleg mellomalder. Det spesielle er at ho er så lite endra i det ytre. Ho har ikkje fått glas i dei små vindusopningane, ho har ikkje panel og ho er ikkje bygd inn i og blitt til ei tradisjonell sunnmørsstove.
Tømmeret kan sikkert også fortelle meir om den eigentlege alderen, og historisk sett er det spennande at ho eigentleg stod i Dimnasund der sorenskrivaren heldt til.
Innvendig er nesten alt borte, men vi kan førestille oss at det var benkar, senger og skap langs veggene. Her laga ein mat, her sov ein og her fekk ein vern mot kulden og vinden ute. Det er svimlande. Det er ei lykke for framtida at stova no skal flyttast til Klubbeneset. Det er eit tryggare og meir eigna område for eit slikt kulturminne.
 

Møter mellom den nye og den gamle tid

Det finns fleire slike gamle hus i området, og berre steinkast frå kjøpesentra og nyfunkishusa ligg dei og minner oss på den lange vegen fram til i dag. Ikkje berre bustadhus, men grindløer, sjøhus og bakeri.
Det er kveld, og det freistar å avslutte turen med ei runde oppover i byggefeltet i Ulsteinvik. For å få den rette tidsreisekjensla. På vegen kjøper eg ein pizza på Verona Pizzeria i Geileneset. Lukta av nysteikt bakverk smyg seg ut i den gamle bakerigata. Eg syns det er eit lykkeleg møte mellom i dag og gamle dager.
 

CreatorIngvil Eilertsen Grimstad (Search Europeana for this person)
CountryNorway
CollectionJugendstilsenteret/Kunstmuseet KUBE
Rightshttp://rightsstatements.org/vocab/InC/1.0/
LocationMøre og Romsdal
Repository Pagehttps://www.europeana.eu/portal/record/2022611/H_DF_DF_2594....
Web Pagehttp://digitaltmuseum.no/011085440255...
Subject Termsbygningar, røykstover
ProviderArts Council Norway